Gå til sidens hovedinnhold

Dagleg leiar, styreleiar og aksjeeigar sikta for hotellbrann

Artikkelen er over 4 år gammel

KRIM: Dei tre som er sikta for å ha starta brannen på Selje hotell natt til fredag 25. november, vart i dag framstilt for varetektsfengsling i Fjordane tingrett.

Siste: I ei pressemelding frå politiet vert det fredag kveld opplyst at Fjordane tingrett tek til til følge politiets krav om varetektsfengsling i fire veker for dei tre sikta i straffesaka knytt til hotellbrannen i Selje.

Dei fekk alle tre brev og besøksforbod og medieforbod i fire veker. Dei første to vekene må dei sone i fullstendig isolasjon.

Alle har tilknyting til hotellet i Selje

Dei er dagleg leiar, styreleiar og aksjeeigar i selskapet som eig hotellet.

Dei er alle mistenkt for brannstiftelse eller medverknad til dette på hotellet i Selje. Under fengslingsmøtet i dag bad politiet om varetektsfengsling i fire veker med brev- og besøksforbod, og to vekers full isolasjon grunna fare for øydelegging av bevis og unndragelse.

Sikta for grovt skadeverk og bedrageri

– Politiet har innleia ei omfattande etterforsking og har på noverande tidspunkt ikkje kontroll på om det er fleire som har vore involvert utover dei som no er sikta. Ved å isolere dei har politiet kontroll på informasjonen dei sit på, seier påtaleadvokat i Vest politidistrikt, Magnus Engh Juel.

– Kva er dei sikta for?

– Dei er sikta for særleg grovt skadeverk og grovt bedrageri. Vi mistenker dei sikta for eldspåsetting for å få utbetalt ein forsikringssum, seier Engh Juel.

– Kva bevis knyter dei sikta til saka?

– Eg kan ikkje seie noko anna enn at vi har funne bevis på funnstaden som knyter dei til saka. Vi har ingen DNA-bevis, men ei heilskapsvurdering førte til at vi valde å sikte desse tre personane. Etterforskinga vil halde fram, forklarar Engh Juel.

Les også: Heile romfløya er tapt i brannen og Tre sikta etter brannen på Selje hotell

– Ikkje tilstrekkeleg bevis

Under fengslingsmøtet erkjente ingen av dei sikta straffskuld. Det overraska ikkje politiadvokaten.

– Det samsvarar med forklaringa i politiavhøyret, svarar Engh Juel.

– Vi meiner det ikkje er ført tilstrekkeleg bevis og at det ikkje er skjelling grunn til mistanke mot den sikta, seier forsvararen til den eine av dei sikta, Ivar Blikra.

Han opplyser også at hans klient har valt å samarbeide med politiet og latt seg avhøyre i saka.

Også forsvarar Per Kjetil Stautland seier at hans klient stiller seg uforståande til siktinga.

– Han er djupt ueinig og krev å bli lauslaten. Eg meiner det ikkje er skjelling grunn til mistanke mot han.

– Korleis tek han siktinga?

– Han avviser at han har noko med dette å gjere. Hotellet har vore ei stor investering for familien. Å bli sikta for eit så alvorleg forhold som kan gje strafferettslege og økonomiske konsekvensar er belastande. Han tek siktinga tungt, seier Stautland.

Politiet har bede om at rettsavgjerda blir unndrege offentlegheita.

Kommentarer til denne saken