Bilist køyrte på tre kyr og hamna på taket i grøfta

Ein mann i 70-åra køyrte i natt på tre kyr i Sogndalsdalen.

DEL

Klokka kvart over to i natt fekk politiet melding om ein bilist som hadde vore i ei ulykke. Bilisten hadde køyrt på tre kyr. Etter å ha treft kyrne køyrde han av vegen, og hamna på taket i grøfta. Ulykka skal ha skjedd ein stad mellom Sogndal og Skei.

– Det er ein mann i 70-åra som har vore i ei ulykke. Dyra har sannsynlegvis stått midt i vegen, og to av kyrne han køyrde på er døde. Den tredje skal ha ein skade i ein fot, fortel operasjonsleiar Steinar Hausvik.

Etter at han køyrde ut var mannen medvitslaus ein ukjent periode, før han vakna opp og melde frå om hendinga.

– Mannen hadde nokre kutt og klaga på hovudsmerter. Han vart sendt til Førde sentralsjukehus. Det er ikkje noko mistanke om rus i samband med hendinga, seier Hausvik.

Artikkeltags