Påstand om fengsel i to år og to månadar

AKTOR: Politiadvokat Magnus Engh Juel og forsvararen av den tiltalte la denne fredagen fram sine sluttpåstandar i Fjordane tingrett.

AKTOR: Politiadvokat Magnus Engh Juel og forsvararen av den tiltalte la denne fredagen fram sine sluttpåstandar i Fjordane tingrett. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

TINGRETTEN: Politiadvokaten bad om ubetinga fengsel i to år og to månadar for køyretøyseljaren som denne veka har møtt i Fjordane tingrett tiltalt for underslag.

DEL

Aktor og forsvarar har lagt fram sine sluttpåstandar i tingretten i dag. Ein køyretøyseljar står tiltalt for grovt underslag av rundt sju millionar kroner, i tillegg til å ha skaffa seg når ein million frå kundar som har kjøpt køyretøy.

I straffeutmålinga til aktoren bidrog tidsbruken i saka i formildande retning i form av ein reduksjon på 7 månadar i den føreslåtte fengselsstraffa. Det gjekk nemleg nesten tre år frå den tiltalte blei meldt til han sat i rettssalen.

I tillegg la aktoren inn ein rabatt på tre månadar grunna at den tiltalte stort sett har erkjent handlingane sine etter beste evne.

Lang ventetid

Aktoren brukte tre år ubetinga fengsel som utgangspunkt for straffeutmålinga si, men landa på to år og to månadar etter dei nemnde reduksjonane.

Forsvarsadvokaten meinte utgangspunktet for straffeutmålinga burde vere eitt og eit halvt år, og meinte halvparten av fengselstida burde vere betinga, som reduksjon for all ventetida for den tiltalte.

Bad om frifinning på fleire punkt

Forsvararen bad om frifinning for den tiltalte på ei rekke tiltalepunkt. Han meinte mellom anna at fleire av underslaga som køyretøyseljaren er tiltalt for, kan definerast som underslag overfor kundane og ikkje arbeidsgjevaren hans. Han meinte difor at den tiltalte ikkje var straffeskuldig i desse forholda, ettersom tiltalen utelukkande dreia seg om underslag overfor arbeidsgjevar.

Det er no opp til retten å avseie dom for den tiltalte mannen. Denne skal etter planen bli forkynt i Fjordane tingrett den 20. desember klokka 09.

Les også:

Vitne etter vitne fortalde om kor hyggeleg og flink den tiltalte seljaren var.

Den tiltalte seljaren blei samanlikna med ei skjor i retten.

Artikkeltags