Kvinne frå Nordfjord dømt til tre år i fengsel for terror-medverknad

Ho er den første kvinna som er dømt for IS-deltaking i Norge.

DEL

Ei kvinne busett i Nordfjord er i Oslo tingrett dømt til to år og ni månader i fengsel for både deltaking i IS og for å ha gitt økonomisk støtte til terrororganisasjonen. Ho vart varsla om domfellinga måndag morgon, skriv TV2.

Dommen er langt mildare enn det aktor la ned påstand om, som var fem års fengsel. Den dømde Nordfjord-kvinna meiner likevel at dommen er streng.

– Vi er nøgde med at straffa er om lag halvparten av det påtalemyndigheita ville ha. Eg meiner vi har nærma oss eit rett straffenivå når ein først vel å domfelle i denne saka, seier kvinna sin forsvarar Steingrim Wolland til TV 2.

Arrestert i Austerrike

Kvinna vart tiltalt for å delta i terrororganisasjonen Den islamske stat i Iran og Levanten (IS) i perioden juni 2016 til november 2017, og skal ha publisert propaganda for dei.

Ho skal også ha formidla kontakt mellom ein mann i Storbritannia og eit IS-nettverk i Syria i mai 2017. Mannen ønskte å reise til Syria for å slutte seg til terrororganisasjonen, men vart arrestert på Stansted flyplass i London same dag.

På same tid førebudde den aktuelle kvinna seg også på å reise til Syria. I oktober 2017 reiste ho frå Nordfjord og var innom fleire europeiske land før ho dukka opp i Wien. Der fekk ho hjelp av to personar til opphald og/eller pass under falsk namn. 1. november vart kvinna arrestert av austerriske myndigheiter då ho forsøkte å reise med fly til Tyrkia.

Ho vart seinare arrestert på reise til Italia, og i desember i fjor vart ho uttransportert til Norge.

Nekta straffeskuld på alle punkt

Kvinna er også tiltalt for å ha ytt økonomisk støtte til IS, og skal ha overført eit ukjent beløp til ein IS-krigar i 2016. Den same krigaren fekk også støtte av kvinna året etter. Seinare dette året skal ho ha overført pengar til ein IS-deltaktar i Sudan, ved to høve. Ein mann som i 2018 vart dømt for terrorverksemd.

Kvinna nekta straffskuldpå samtlege punkt i tiltalen etter at den vart lesen opp i Oslo tingrett i januar.

No er ho dømt til å sone nær tre år i fengsel, men det er enno ukjent om nokon av partane ønskje å anke dommen.

Artikkeltags