Idrettsleiar putta 205.000 kroner i eiga lomme. No får han samfunnsstraff

Artikkelen er over 1 år gammel

DOM: Ein idrettsleiar i Nordfjord er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til samfunnsstraff i 60 timar for underslag,

DEL

Mannen var økonomiansvarleg i idrettslaget der han hausten 2015 og på nyåret 2016 ved fleire høve overførte til saman 205.000 kroner frå kontoar i idrettslaget til eigne kontoar.

– Og han brukte pengane som sine eigne, går det fram av siktinga frå Politimeisteren i Vest.

– Freistinga kan vere stor

Mannen møtte i tingretten nyleg og tilstod utan atterhald.

I dommen legg tingrettsdommar Ida Kristin Bøen vekt på at allmennpreventive omsyn må vege tungt i saker som denne. Retten viser til at lag og organisasjonar må kunne overlate til betrudde personar å disponere bankkontoar. Fordi freistinga for misbruk av denne tilliten kan vere stor, er det viktig å signalisere at det vert slege hardt ned på slike handlingar, skriv retten.

Nordfjordingen slepp likevel unna fengsel. Han har tilstått, og han har betalt tilbake beløpet. Han får også strafferabatt fordi politiet og påtalemakta har brukt lang tid på behandlinga.

Betalte tilbake alt

Av dommen går det fram at mannen hadde betalt tilbake mesteparten av summen før underslaget vart oppdaga, og at alt var betalt tilbake lenge før politiet starta etterforskinga,

Saka vart meld til politiet i juni 2016, og sikta tok kontakt med politiet same sommar for å gjere opp for seg.

– Dersom han hadde kome inn til avhøyr på det tidspunktet, er det sannsynleg at han allereie då ville ha tilstått. Den lange behandlingstida hos politiet har utvilsamt ført til ei ekstra belasting for sikta, skriv dommaren.

Skal betale erstatning

Mannen vart dømd til 60 timar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på 120 dagar. Dersom han ikkje gjennomfører samfunnsstraffa, må han sone 45 dagar i fengsel.

Nordfjordingen må dessutan ut med 40.095 kroner i erstatning. Dette er kostnader idrettslaget har hatt på ein rekneskapsførar som dei leigde inn for å nøste opp i det økonomiske rotet sikta var skuld i.

Artikkeltags