Henta og frakta MDMA, hasj og nær ein kilo amfetamin

Artikkelen er over 2 år gammel

KRIM: Skal også ha oppbevart stoffet i leilegheita si. Der fann politiet også over 16.000 tablettar.

DEL

Ei kvinne i starten av 20-åra er satt under tiltale for å ha oppbevart og frakta narkotika.

På seinhausten i 2016 medvirka kvinna til å skaffe om lag 935 gram amfetamin, 64 gram hasj og 79 gram MDMA i Hordaland.

Kvinna sin medverknad var å stille bilen sin til disposisjon, og å køyre rundt for å hente stoffet. Kvinna frakta også narkotikaen vidare til Førde, og oppbevarte det der i ei leilegheit.

Kvinna står vidare tiltalt for å ha oppbevart over 16.000 tablettar, innehaldande om lag 21.000 mg methandienon og om lag 27.000 mg metyltestosteron i den samme leilegheita.

Lovbrotet blir sett på som strengt grunna kva stoff det gjeld, den store mengden av stoff, samt karakteren på lovbrotet.

Artikkeltags