Klokka tre ei juninatt utanfor ein bensinstasjon i Askvoll venta ein mann i 20-åra og to vener på ein taxi for å komme seg tilbake til Førde. Dei tre hadde drukke mykje denne kvelden, og den tiltalte mannen i 20-åra hevdar å hugse lite frå den aktuelle natta.
Den tiltalte mannen sa til ein av kompisane sine at han skulle låne ein mobiltelefon før han gjekk mot den fornærma og tok mobiltelefonen hans. Dei to kjende kvarandre ikkje frå før, og den fornærma tok det først som ein spøk.
Då den tiltalte tok til å gå tilbake til kameratane sine med mobiltelefonen følgde fornærma etter og spurde kva han gjorde. Då snudde den tiltalte seg mot fornærma og slo han med knyta hand så han knekte nasen og fekk ein nakkeslengskade.
Måtte gripe inn
Kameratane til den tiltala greip inn i situasjonen og ein av dei gav den fornærma eit papir til nasen, som blødde kraftig. Den fornærma gav beskjed om at den tiltalte måtte seie unnskyld, og at slik åtferd ikkje var akseptabel. Det vart ifølgje dommen noko ampert dei imellom, men så kom taxien til fornærma.
Frå taxien såg han at kameratane la den tiltalte i bakken, men tingretten kan ikkje slå fast om dette var for å avverje nye slag eller ikkje.
Det tingretten derimot slår fast, er at valden var gjort med vilje, og at den tiltalte visste at han kunne komme til å påføre den fornærma skade.
Bad om 31.000 kroner
Aktor bad i Fjordane tingrett om ein dom på seks månader i fengsel, 1000 kroner i skadeerstatning og 30.000 i oppreisingserstatning.
Slik retten vurderer det, er det faktum at valden var uprovosert, hende om natta og i påverka tilstand skjerpande omstende. Det er også skjerpande at slaget var med knyta hand og retta mot ansiktet, der det er stor fare for skade, og tilfeldig kor alvorlege desse skadane vert.
I motsett vektskål legg retten det faktum at den tiltalte har tilstått, og sa i retten at han angra på det han hadde gjort.
Samla sett slår retten fast at 120 dagar i fengsel, 1000 kroner i skadeerstatning og 10.000 kroner i oppreisingserstatning er passande straff.