Politiet rykte ut til slåstkamp på Byrknesøy. Ein mann vart arrestert

GULEN: Politiet fekk like over midnatt natt til søndag melding om amper stemning og slåsting på Kalvøyna.

DEL

Slåstinga har oppstått på ein brakkerigg der utanlandske arbeidarar bur. Meldinga politiet fekk gjekk på at det var begynt å roe seg på staden, men at ein mann hadde fått skader i ansiktet.

Politiet oppfordra om at mannen vart teken til legevakt, og ein politipatrulje vart sendt til staden.

Då politiet kom til staden var det roleg der. Fornærma, ein 22 år gammal mann, vart sendt til legevakt i Nordhordland med ambulanse. Det var mistanke om at han kan ha brot i nasen. Politiet avhøyrde vitne på staden.

Dei kom også i kontakt med mannen som er mistenkt for å ha skadd 22-åringen. Det er ein 47 år gammal mann. Han vart arrestert av politiet, og er sett i varetekt. Det vert oppretta sak etter hendinga.

Artikkeltags