Båtførar mistenkt for å ha drukke bak rattet

DEL

Ein utanlandsk mann i 30- åra blei stoppa av politiet ved Skjerjehamn ved Utkantfestivalen natt til søndag.

Politiet kontrollerte fritidsbåten mannen var førar av, og ifølge politiet var ikkje mannen edru.

– Han blei teken med inn for blodprøve og det blir oppretta sak, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til Firda søndag morgon.

– Truleg var det endå fleire båtar som blei kontrollerte, men det var altså denne eine føraren som gav utslag på alkometeret.

Mannen er fråteken det internasjonale båtførarbeviset sitt.

Artikkeltags