Mann i 40-åra køyrde i narkorus mot Førde

Dette er tredje gongen mannen frå Nordfjord er blitt tatt for same lovbrot.

DEL

Ein kveld i mai fyllekøyrde mannen i 40-åra på riksveg 5 frå Florø i retning Førde.

Han blei stoppa av politiet og blodprøve som vart tatt av han nokre timar seinare gav utslag på Pregabalin og THC, som svarar til ein alkoholpromille i blodet på minst 0,5.

Tidlegare dømd

Pregabalin er eit legemiddel som vert nytta ved behandling av nevropatisk smerte, epilepsi og generaliserte angstlidingar, medan THC er rusmiddelet ein finn i cannabisprodukt, slik som hasjisj og marihuana.

Føraren har tidlegare blitt dømd to gonger for ruspåverka køyring og ein gong for bruk av narkotika.

Mannen tilstod lovbrotet, då han i august måtte svare for seg i Sogn og Fjordane tingrett.

Vurderte strekninga

Kor stor fare den aktuelle køyringa potensielt kunne ha overfor andre trafikantar og omgjevnadane rundt, blei avgjerande for straffa han til slutt fekk.

Retten skriv at strekninga på riksveg frå Florø i retning Førde har jamt med trafikk og kunne enkelt medført større personskadar enn kva som faktisk var tilfelle. I tillegg køyrde mannen med promille på ei strekning med 80-sone, som aukar farepotensialet betrakteleg.

Mannen er uføretrygda og har ein beskjeden inntekt. Han har også ein forholdsvis stor gjeld. Derfor måtte retten ta omsyn til hans økonomiske situasjon, då dei skulle kome fram til passande sum på bota.

Han blei dømt til ti dagars vilkårsbunden fengsel med ei prøvetid på to år. Mannen må også betale ei bot på 25.000 kroner eller sitte 15 dagar i fengsel. I tillegg mistar han førarkortet i 12 månadar og må ta ny førarprøve.

Andre krimsaker:

Artikkeltags