Stal bil og reiste på butikken. Der vart han tatt for nasking

DEL

Klokka 09.30 fekk Vest politidistrikt melding om at ein bil var stolen frå ei adresse i Florø. Ikkje så lenge etter ringte også ein butikk i byen og sa at dei hadde ferska ein mann for steling.

– Politiet rykte ut og då stod den stolne bilen utanfor. Så viste det seg at mannen i butikken også var den same som hadde stole bilen, seier operasjonsleiar Morten Rebnord.

Det var NRK Sogn og Fjordane som først melde nyheita. Mannen vart tatt med til Florø politistasjon for avhøyr.

– Per no har ikkje jourhavande i politiet bestemt kva som skjer vidare med mannen.

10. januar melde Firdaposten at ein personbil vart stolen i Firdavegen onsdag kveld, for så å bli funnen att på Krokane dagen etter. Gjerningspersonen vart ikkje teken, men det vart sikra spor i bilen.

– Ser ein samanheng mellom desse sakene?

– Det er naturleg å undersøke, svarar Rebnord.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags