Drapssikta har erkjent å ha slått offeret – er fengsla i fire nye veker

REKONSTRUKSJON: Her frå rekonstruksjon på drapsåstaden i Florø.

REKONSTRUKSJON: Her frå rekonstruksjon på drapsåstaden i Florø. Foto:

Av

Mannen i 20-åra som er sikta for drapet på ein 40 år gammal mann i Florø er no varetektsfengsla i fire nye veker. Det har Bergen tingrett avgjort onsdag.

DEL

FIRDAPOSTEN: Bergen tingrett bestemte onsdag morgon at mannen kan sitte varetektsfengsla i inntil fire nye veker.

– Retten finn at sikta med skjelleg grunn framleis kan mistenkast for ein straffbar handling som kan medføre høgare straff enn fengsel i seks månader, jf. straffelova §275 om drap, som beskrive i siktinga, står det å lese i fengslingsavgjerda.

Sikta har erkjent å ha slått den avdøde mannen med ein gjenstand, og det har ikkje komme nye opplysningar i saka som har svekka mistankegrunnlaget mot sikta.

Påtalemakta fryktar at den sikta mannen i 20-åra skal kunne påverke forklaringa til den medsikta mannen i 40-åra, som no er lauslaten frå varetekt.

– Retten er framleis av den vurdering at sikta har moglegheit til å påverke medsikta si forklaring om sentrale delar av gangen i hendinga, og at det er overvegande sannsynleg at sikta vil nytte seg av denne moglegheita dersom han blir lauslaten.

Han kan dermed sitte varetektsfengsla fram til 18. september.

Artikkeltags