Sparka, spytta og truga med å drepe politibetjent

Artikkelen er over 3 år gammel

KRIM: No må mannen frå Nordfjord sone sju månadar i fengsel.

DEL

Den dømde mannen vart arrestert av politiet i november i fjor, mistenkt for å ha stole ein koffert med verktøy, prøvd å bryte seg inn i ein bustad og for å ha bore kniv.

På veg inn i arresten truga han også fire politibetjentar.

Først sparka han ein politibetjent i beinet og sa at han ønskte å bite nasen av han. Deretter skal han ha spytta ein annan betjent i ansiktet, og truga med å sparke hovudet av førstebetjenten og ta livet av ein annan betjent.

Den tiltalte mannen er tidlegare domfelt 15 gongar, seinast sommaren 2016.

Då hovudforhandlingane starta i januar erkjende mannen seg skuldig etter tiltalen, men erkjende ikkje straffskuld.

Retten fann mannen skuldig i alle punkta og dømde han til sju månadar i fengsel, og han fekk kniven inndregen.

Artikkeltags