Prøvde å slå, sparke og skalle til politimann

Artikkelen er over 3 år gammel

KRIM: Då han var for full til å ta vare på seg sjølv, venta drukkenskapsarresten. Det var mannen lite interessert i.

DEL

No må mannen frå Sunnfjord, som er i 20-åra, gjere opp for seg med 40 timar samfunnsstraff. Det er klart etter at han vart dømd i Fjordane tingrett nyleg.

Den dømde mannen, som også tidlegare er domfelt for vinningskriminalitet, bøtelagt for narkotikabrotsverk og har sona fengselsstraff, hadde sjølv inga erindring av episodane som no har fått han domfelt.

I retten viste han til inntak av store mengder whisky og øl, som han starta å drikke på ettermiddagen, samt at han bles til ein promille på 1,8 morgonen etter i politiets alkotest.

Slag, spark og forsøk på skalling

Men om han ikkje hugsa episodane sjølv, fann ikkje retten det vanskeleg å bevise fleire tilfelle av valdeleg oppførsel mot politiet, då dei vart stadfesta med vitneobservasjonar.

Episodane starta då politiet vart tilkalla til ein privatfest då tiltalte ikkje var i stand til å ta vare på seg sjølv. Då dei to tenestemennene skulle visittere tiltalte før dei tok han til drukkenskapsarrest, slo han mot den eine av politibetjentane.

Sjølv i handjern heldt han fram under transporten til arresten, og skal ha forsøkt å skalle til ein av betjentane frå baksetet av politibilen, ved å lene hovudet fram mellom framseta. Han løfta også beina, og sparka mot setet til den eine av politimennene. Tiltalte skal også ifølgje politiet ha oppført seg ampert, aggressivt og vore «eplekjekk», ifølgje den eine av betjentane i retten.

Den tredje episoden oppstod då den tiltale var på cella. Då han skulle få fjerna handjerna og skoa av ein politibetjent, leverte han eit spark som var nær å treffe betjenten i ansiktet.

Samfunnsstraff

Normalt sett gir tilfelle av vald mot tenestemenn fengselsstraff, men grunna langvarige alkoholproblem, samt personlege problem, fann retten det rett å idømme samfunnsstraff. Dette primært grunna at tiltalte er inne i ei lovande utvikling.

Fjordane tingrett sette difor straffa til 40 timar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på 120 dagar. Straffa vert subsidiært sett til 18 dagar, med frådrag av to dagar.

Han vart også dømd til å betale 3000 kroner i sakskostnader.

Artikkeltags