Køyrde fleire gonger utan lappen, og hadde ulåste våpen på soverom

Artikkelen er over 3 år gammel

KRIM: No må han sone 30 dagar i fengsel, dersom han gjer nye lovbrot innan prøvetida.

DEL

Ein mann i 70-åra er i Fjordane tingrett dømd for fleire tilfelle av køyring utan førarkort, eitt tilfelle av aktlaus køyring, samt to brot på våpenlova.

Dommen fall i Fjordane tingrett nyleg, om mannen er no dømd til 30 dagars fengsel, der straffa blir utsett med ei prøvetid på to år.

Han blir også idømt å betale ei bot på 10.000 kroner, subsidiært fengselsstraff i 20 dagar.

Fire gonger på fire månader

Mannen vart teken fire gonger for å føre motorvogn utan gjeldande førarkort. Dei fire lovbrota skjedde over ein periode på fire månader i 2016.

Det var ein privat meldar som varsla politiet om at den sikta stadig køyrde traktor, trass i at han ikkje hadde gyldig førarkort.

Tre av tilfella var køyring med bil, medan det fjerde var køyring med traktor. Retten påpeika også den eine bilkøyreturen skjedde med ein uregistrert hengar, og at den var utilstrekkeleg sikra under transport av dyr, noko retten meinte var aktlaust.

Fann ulåste våpen

I tillegg til brota på vegtrafikklova, er mannen også dømd for å ha oppbevart ei salongrifle i ein koffert på sikta sin gardseigedom. Ein eigedom som ikkje var fast busett, men som var nytta som hytte.

Sikta oppbevarte også ei jaktrifle og ei rifle i kaliber .22 under ein seng på eit soverom i kjellaren heime hos seg sjølv. I løpet på rifla var det også ei raud klikk-patron i kaliber .308, og i ein kommode på soverommet var det eit magasin tilhøyrande ei kaliber .22-rifle. Sluttstykke var i begge desse våpena.

Tørrtrena utan våpenkort

Retten fann det samstundes skjerpande at våpena var oppbevart etter at Politimeisteren i Sogn og Fjordane den 26. august 2016 gjorde vedtak om tilbakekall av våpen, ammunisjon og våpenkort.

Dette vedtaket vart gjort etter at politiet tidlegare hadde motteke fleire bekymringsmeldingar frå naboar, om at den sikta mannen gjentatte gongar hadde drive med øvelsesskyting på garden.

Politiet hadde vore på den no dømde mannens eigedom fleire gonger og inndrege våpen, men den sikta har unnlate å medverke til at alle våpena vart funne.

Forsettleg lovbrot

Retten fann det skjerpande at våpenlovbrota var gjort forsettleg, og at våpen vart funne saman med ammunisjon. Dette gjorde også at det ikkje vart gitt strafferabatt for tiltalte sin tilståing. Det vart også lagt vekt på at våpenet vart funne på ei hytte som var relativt avsidesliggande.

Etter ein samla vurdering på trafikklovbrota, blir det sett formildande at tiltalte tilstod, men tilfellet med den uregistrerte hengaren vart sett som skjerpande.

Retten sette difor fengselsstraffa til 30 dagar, med prøvetid på to år. Bota på 10.000 kroner var idømt etter at retten sette 15.000 som for høgt ut ifrå den tiltalte sin økonomi.

Artikkeltags