Køyrde 15 mil i fylla, utan lappen og med avskilta bil

Artikkelen er over 3 år gammel

FJORDANE TINGRETT: Mannen vart dømt for seks forhold på ein periode på 8 månadar.

DEL

Ein mann i slutten av 30-åra vart førre veke i Fjordane tingrett dømt for fleire lovbrot. Han skal ha køyrt med promille to gonger, køyrt utan gyldig førarkort, og køyrt utan lovlege kjennemerke på bilen. I tillegg skal han ha trua offentlege tenestemenn, og urinert på offentleg stad.

Enda køyreturen i Stryn

I juli 2015 køyrde mannen bil, trass i at han var påverka av alkohol. Ein blodprøve viste at han hadde 2,06 i promille. Dette førte til at førarkortet vart beslaglagt, og bilen vart avskilta. Under ein månad seinare skal mannen igjen ha køyrd medan han var påverka av alkohol. Blodprøven som vart teken klokka 08:13 om morgonen viste at han hadde 1,54 i promille.

Grunna tilbakekallinga av føreretten og avskiltinga ein månad tidlegare, hadde han ikkje gyldig førarkort eller lovlege kjennemerke på bilen.

Mannen hadde planar om å køyre frå Florø til Oslo, men enda køyreturen i Stryn, då han ifølge dommen kom på at det sannsynlegvis ikkje var ein god plan å køyre så langt med promille.

Ville banke opp tre politimenn

I mars 2016, medan den dømte sat i politiarresten, skal han ha truga tre politimenn, og sagt at han skulle banke dei opp. Mannen sa han kom til å kjenne dei igjen, og at han skulle ta dei utanfor jobb. Januar same år vart mannen også tatt for å urinere på offentleg stad.

Tidlegare dømt

Mannen blei domfelt for promillekøyring for første gong i 2000. I juli 2015 vart han også dømt til 45 dagar i fengsel på vilkår, grunna truslar. Denne dommen hadde ei prøvetid på to år, og det vart avgjort i retten at det skulle fellast ei fellesstraff for dommen i 2015, og dei seks forholda mellom juli 2015 og mars 2016.

90 dagar fengsel og 7000 i bot

Mannen vart dømt til 90 dagar i fengsel, 45 av desse utan vilkår. Dei siste 45 dagane utsettast med ei prøvetid på to år, på vilkår av at den dømte gjennomfører eit program mot rusa køyring i prøvetida.

Vidare må han betale ei bot på 7000 kroner, og mistar retten til å føre førarkortpliktig motorvogn i fire år. For å få tilbake førarretten, må mannen utføre full ny førarprøve. Grunna den økonomiske situasjonen til mannen slepp han å betale sakskostnadar.

Artikkeltags