Fyllekøyrde 1,5 mil med over 1,48 i promille – no må han i fengsel

Artikkelen er over 3 år gammel

DOM: Mannen var tidlegare dømd for promillekøyring. No er han dømd til 30 dagar i fengsel og 30.000 i bot for eit nytt tilfelle av promillekøyring.

DEL

Mannen, som er ein nordfjording i slutten av 40-åra, vart på våren 2017 teken for å køyre ein personbil medan han var påverka av alkohol. Blodprøven politiet tok av han ein halvtime seinare, synte ein promille på 1,48.

Tidlegare dømd for promillekøyring

I Fjordane tingrett tilstod mannen fyllekøyringa. Det gjorde han også i 2011 då han også vart dømd for promillekøyring. Den gongen vart han dømt til 28 dagar i fengsel på vilkår om gjennomføring av eit promilleprogram.

Straffeattesten frå dommen frå 2011 peika derimot på at dersom tiltalte på ny vart teken for promillekøyring, ville det som regel bli straffa med bot og vilkårslaus fengsling.

Må i fengsel

Retten har halde seg til dette, og har no dømd mannen til vilkårslaus fengsling i 30 dagar, samt ei bot på 30.000 kroner.

Det vart vurdert formildande at mannen tilstod, men i skjerpande retning for fengselsdommen vektla retten at køyringa fann stad over ein strekning på 1,5 mil, delvis i sentrum i ein tettstad.

Misser lappen i fem år

I tillegg til fengselsdommen og bota på 30.000, misser mannen førarretten i fem år. Han må også gjennomføre ny førarprøve.

Artikkeltags