Politiaksjon i Guddal – lastebil stoppa av to patruljebilar

STOPPA: Denne lastebilen vart stoppa i Guddalen onsdag kveld. Politiet gjekk gjennom lasta.

STOPPA: Denne lastebilen vart stoppa i Guddalen onsdag kveld. Politiet gjekk gjennom lasta. Foto:

FJALER: Politiet gjekk gjennom lasta. Mann i 30-åra sett i arresten for rusa køyring.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Politiet stoppa i 19-tida onsdag kveld ein lastebil like ved Guddal skule i Guddalen.

Ifølgje Firda sin journalist på staden var det to patruljebilar på staden, og dei tre politibetjentane undersøkte innhaldet i lastebilen.

Politiet på staden ønskjer ikkje å kommentere kva som var hensikta med aksjonen, og viser til Operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Operasjonssentralen stadfestar like før klokka 19.30 at dei har stoppa ein bil i Guddal, men ville ikkje på dåverande tidspunkt komme med fleire opplysningar.

Firda har ved fleire høve forsøkt å få kontakt med politiet for fleire opplysningar om hendinga, men har så langt ikkje fått svar.

Sett i arresten

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder klokka 21.14 om hendinga på Twitter.

Der blir det meldt at ein mann i 30-åra er teken for køyring i rusa tilstand.

– Det vi kan seie sikkert no, er at ein mann i midten av 30-åra er teken for å ha køyrt i rusa tilstand, at han er teken med for blodprøvetaking og sett i arresten, seier operasjonsleiar Marianne Føleide til Firda.

– Politiet på staden gjekk også gjennom lasta i lastebilen? Er det også andre lovbrot i denne saka?

– Det er det vi jobbar med å finne ut. Saka blir etterforska, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags