Køyrde i 87 km/t i 50-sone

Artikkelen er over 3 år gammel

KRIM: No må han klare seg utan lappen, samt betale 9000 i bot.

DEL

Ein mann i slutten av 30-åra må punge ut 9000 kroner, samt greie seg åtte månader utan førarkort, etter å ha blitt dømd for råkøyring i ei 50-sone gjennom Byrkjelo.

Fjordane tingrett dømde også mannen til to års fengsel på vilkår, og bota på 9000 kroner vart idømt subsidiært fengsel i 15 dagar.

Hendinga skjedde på seinhausten i fjor, og den tiltalte tilstod forholdet i retten.

Sjølv om han forklarte at han brukte bil mykje i jobben sin, så fann ikkje retten at førarkorttapet var eit mishøvleg inngrep overfor den no dømde mannen. Retten påpeika snarare tvert imot at dersom den tiltalte hadde eit behov for førarkort, så måtte han sjølv innrette si åtferd etter dette.

For å få tilbake førarkortet er han også nøydd å avlegge ny førarprøve.

Artikkeltags