Kvinne i retten tiltalt for deltaking i IS

KAN FÅ LANG FENGSELSTRAFF: Rettssaka i Oslo tingrett vil gå fram til 1. februar, og den tiltalte risikerer inntil 12 års fengsel.

KAN FÅ LANG FENGSELSTRAFF: Rettssaka i Oslo tingrett vil gå fram til 1. februar, og den tiltalte risikerer inntil 12 års fengsel. Foto:

Av

KRIM: Ei 31 år gammal kvinne møter måndag i Oslo tingrett tiltalt for å ha delteke i ekstremistgruppa IS. Ho er den første kvinna som er terrortiltalt i Noreg.

DEL

Den 31 år gamle kvinna er tiltalt for å ha jobba for og støtta IS, og for å ha prøvd å reise frå Nordfjordeid til Syria for å slutte seg til gruppa. Ifølgje tiltalen deltok ho i IS i perioden juni 2016 til november 2017.

Dei første dagane av saka er sette av til påtalemaktas innleiing og forklaringa til kvinna. Påtalemakta har ifølgje NRK kalla inn 17 vitne, og dessutan ein sakkunnig som skal fortelje retten om rolla til kvinner i ekstremistgruppa.

Rettssaka vil gå fram til 1. februar, og den tiltalte risikerer inntil tolv års fengsel.

Kvinna er somalisk statsborgar og kom til Noreg som asylsøkjar i 2013. To år seinare flytta ho til Nordfjordeid, og det var her Politiets tryggingsteneste meiner ho vart rekruttert til IS.

I varetekt

5. desember 2017 vart kvinna arrestert på Oslo lufthamn. Ho har sete i varetekt sidan då.

Ho hadde med seg kontaktdetaljar til fleire IS-tilknytte personar då ho reiste frå Nordfjordeid i oktober 2017. Ho vart først arrestert i Austerrike då ho prøvde å reise vidare frå Wien til Istanbul, men søkte asyl i Austerrike og vart plassert på asylmottak. Månaden etter reiste ho vidare til Italia, der ho vart arrestert av italienske styresmakter og fengsla, før ho vart uttransportert til Noreg 5. desember same år.

Ifølgje tiltalen deltok kvinna i både opne og lukka forum på internett, og ho hadde kontakt med fleire personar knytt til ekstremistgruppa i Syria, Storbritannia og Sudan.

– Ho deltok i arbeid med å utvikle og spreie ISIL-propaganda, mellom anna ved å lese korrektur på propagandatekst, sende over propagandameldingar og tekst med valdeleg jihadistisk innhald til ein person knytte til ISIL og skiping av fiktive brukarkontoar på ulike sosiale medium, skriv statsadvokat Marit Formo i tiltalen.

Avviser tiltalen

Advokat Steingrim Wolland som er forsvararen til kvinna, sa i desember til Sunnmørsposten at ho stiller seg heilt avvisande til den alvorlege tiltalen.

– Ho har aldri vore medlem av IS eller vore i noko IS-kontrollert område, eller gjort noko som helst som er av tyding for IS. Sjølv ikkje tiltalen skildrar eigentleg noko slikt. Det byrjar å bli nokså lite, når det er snakk om å lese korrektur, sa Wolland.

Han understrekar òg at ho aldri har vore i eit IS-kontrollert område.

– Ho vart jo arrestert i Wien. PST meiner ho var på veg til Syria. Eg meiner det i verste fall kan dreie seg om eit forsøk, ikkje om faktisk deltaking, sa Wolland.

– Skulle til Afrika

Kvinna har forklart at ho var på veg til Istanbul for å reise vidare til Afrika.

I tiltalen går det vidare fram at kvinna i februar 2017 formidla kontakt mellom ein person i Storbritannia og eit såkalla fasiliteringsnettverk for IS i Syria i samband med at denne personen planla å reise til landet og slutte seg til ekstremistgruppa. Mannen vart likevel arrestert på Stanstead flyplass i London då han freista å reise.

Tiltalen omfattar dessutan økonomisk støtte til IS ved at ho overførte pengar til mannen som vart arrestert London og ein annan mann som var krigar for IS i Syria og som hadde til hensikt å gifte seg med henne. I tillegg skal ho ha overført pengar til ein IS-deltakar som var i Sudan.

Artikkeltags