Ung mann dømd for oppbevaring av narkotika

KRIM: Ein mann i 20-åra vart teken for oppbevaring av 42 gram hasj. No må han i fengsel.

DEL

Ein mann tidleg i 20-åra, vart teken for oppbevaring av 42 gram hasj av typen marihuana. Mannen, som er frå Sunnfjord, erkjente straffskuld.

Han vart så dømd til 30 dagar i fengsel på vilkår med ei prøvetid på to år, samt til å betale ei bot på 5000 kroner.

I utmåling av straff la retten vekt på at mengda marihuana utgjer spreiingsfare, i tillegg til at mannen tidlegare er straffa for fleire brot på narkotikalova.

I formildande retning la retten til grunn av sunnfjordringen erkjente straffskuld i retten.

Artikkeltags