Mann dømt for å ha oppbevart betydelege mengder narkotika

Artikkelen er over 1 år gammel

TINGRETTEN: Det vart funne både amfetamin og fleinsopp i heimen til ein mann i 30-åra frå Sunnfjord.

DEL

I september 2017 skal politiet ha funne 17 gram amfetamin og fire gram fleinsopp i heimen til mannen. Han er tidlegare domfelt, blant anna for køyring medan han var ruspåverka av amfetamin og THC.

Dette gav mannen ei bøtestraff på 60.000 kroner, samt tap av førarretten i tre år. Mannen vart også idømt 24 dagar fengsel på vilkår.

Retten tok dette med i samla straffevurdering, då det er såpass kort tid mellom dei to hendingane.

Har slite med rus

Retten påpeika at det klart mest alvorlege høvet i saka var oppbevaringa av 17 gram amfetamin, som retten omtalar som ei betydeleg mengde. Sunnfjordingen forklarte i retten at dei narkotiske stoffa var til eige bruk.

Mannen forklarte vidare at han har slite med rusbruk i 15 år. Retten tok omsyn til at mannen samarbeidde og kom fram til at rett straff ville vere fengsel i 45 dagar.

I retten blei det lagt fram erklæring på at mannen no har søkt hjelp for rusproblema sine og at han ynskjer å legge om livet sitt. Det blei då vurdert slik at ei fengselsstraff ville ha svekka verknad på mannen sitt forsøk på å bli rusfri.

Dømd til samfunnsstraff

Etter ei samla vurdering kom retten fram til at med hensyn til rehabilitering burde mannen idømmast samfunnsstraff.

Han blei dømd til 60 timars samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på 120 dagar.

Artikkeltags