Mann i 30-åra sit i arresten – mistenkt for vald og promillekøyring

Han blir avhøyrt fredag, opplyser politiet.

DEL

– Vi har ein mann som sit i arresten i Førde etter ei valdshending i Askvoll. Han er mistenkt for vald og promillekøyring, seier innsatsleiar i Sunnfjord, Synnøve Domben.

Politiet fekk melding om valdshendinga kl. 21.35

Domben kan ikkje opplyse i kva samanheng han skal ha vore valdeleg, men han køyrde frå staden i påverka tilstand torsdag kveld. Mannen er i 30-åra.

– Han blir avhøyrt i dag, seier Domben.

Kontroll på vegane

I natt kl. 01.56 var det promillekontroll på Kyrkjebø i Høyanger.

– Ingen hadde utslag, seier Domben.

Torsdag ettermiddag var det fartskontroll på Bjørnset på riksveg 5 i Flora. Ein førar vart målt til 96 kilometer i 80 sona og fekk eit forenkla førelegg, opplyser politiet.

Artikkeltags