Kraftkommunar kan miste 3 milliardar i direkteinntekter

TAPTE INNTEKTER? Kraftkommunar kan få tre milliardar i tapte inntekter dersom forslaget frå eit ekspertutval om å avvikle spesialordningane som gir kommunar direkte skatteinntekter frå vasskraft går gjennom. Bildet er frå Kjøsnesfjorden kraftverk, ved opninga i 2010.

TAPTE INNTEKTER? Kraftkommunar kan få tre milliardar i tapte inntekter dersom forslaget frå eit ekspertutval om å avvikle spesialordningane som gir kommunar direkte skatteinntekter frå vasskraft går gjennom. Bildet er frå Kjøsnesfjorden kraftverk, ved opninga i 2010. Foto:

Av

Eit ekspertutval går inn for å avvikle spesialordningane som gir kommunar direkte skatteinntekter frå vasskraft. Sentralisering av verste sort, rasar Sp.

DEL

– Dette er sjølvsagt politisk kontroversielt, seier Per Sanderud til NTB.

Han har leidd det såkalla kraftskatteutvalet, som no er ferdig med ein brei gjennomgang av skatteregimet for vasskraftverk. Måndag overleverte utvalet rapporten til finansminister Siv Jensen (Frp).

I rapporten tilrår utvalet å avvikle ordningane med konsesjonskraft og konsesjonsavgift. I tillegg meiner utvalet at eigedomsskatten for vasskraftverk bør bli normalisert. I dag går inntektene frå desse ordningane direkte til kommunane.

I staden vil utvalet sluse vasskraftinntektene inn til staten. Så vil det bli opp til politikarane å bestemme korleis pengane skal bli fordelte mellom kommune og stat.

Brannfakkel

Sanderud kastar dermed ein brannfakkel inn i den politiske debatten, vel vitande om at det kan bli bråk. Men forslaga er økonomisk fornuftige, insisterer han.

Dei foreslåtte endringane kan isolert føre til at kommunane mistar rundt 3 milliardar kroner i året i inntekter frå vasskraftverk. Men det vil vere fullt mogleg å gi kommunane like mykje av inntektene som før, held utvalet fast på. Staten kan nemleg sende pengar tilbake til kommunane og til og med øyremerke kor mykje kvar enkelt kommune skal få.

Sanderud åtvarar mot ein fryktbasert tilnærming til saka.

– Staten overfører 400 milliardar kroner til kommunane i året. Her er det snakk om 3 milliardar kroner. Så kommunane er vel vane med at staten overfører mykje til kommunane, påpeikar utvalsleiaren.

– Viss politikarane ønsker å gi like mykje til kommunane som før, så er det fullt mogleg å gjere, seier han.

Får kritikk

Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad kallar forslaget historielaust og fjernt frå røynda.

– Dette kjem dei 200 kraftkommunane til å tape stort på, medan staten prøver å kanalisere desse inntektene til seg. Det er sentralisering av verste sort og eit brot på heile tenkinga om at lokalsamfunnet skal ha sin del av verdiane frå vasskrafta, seier ho.

Arbeidarpartiets Rigmor Aasrud er samd.

– Det er uaktuelt å rive i stykke denne samfunnskontrakten vi har for utbygging av vasskraft. Vertskommunane skal ha sin del av verdiskapinga, seier ho.

– Feil medisin

Energi Norge meiner utvalet anbefaler feil medisin.

– Alle med praktisk innsikt i vasskraftinvesteringar veit at utforminga av den statlege grunnrenteskatten hindrar gjennomføring av lønnsame tiltak. Utvalet har hoppa bukk over hovudproblemet og i staden gått laus på dei kommunale skatteordningane, seier administrerande direktør Knut Kroepelien.

Finansminister Siv Jensen understrekar at det er viktig for regjeringa å sikre at inntektene frå vasskraft òg i framtida kjem lokalsamfunna til gode.

– Slik eg ser det, er det ikkje noko i forslaget til utvalet som hindrar at kraftinntektene til kommunar og fylke blir verande, seier ho.

Vil satse på grunnrenteskatt

Ekspertvalet grunngir forslaget med ordningane i dag med konsesjonskraft, konsesjonsavgift og eigedomsskatt har uheldige verknader sidan desse ikkje er baserte på lønnsemd i vasskraftverka. Det svekker insentivet selskapa har til å investere i utbygging av meir vasskraft.

– Du går glipp av investeringar som følgje av den typen skattar, seier Sanderud til NTB.

Ein nøytral grunnrenteskatt vil derimot gi selskapa insentiv til å gjennomføre lønnsame investeringar, meiner han.

Skal samla offentlege inntekter vere uendra frå nivået i dag, må grunnrenteskatten auke frå 37 til 39 prosent.

Artikkeltags