Kongen har ein draum om å besøke alle kommunane i landet før han dør: Desse står att

VIL BESØKE ALLE: Kongen samlar på offisielle kommunebesøk. No har han 50 igjen.

VIL BESØKE ALLE: Kongen samlar på offisielle kommunebesøk. No har han 50 igjen.

Av

Totalt har han 52 kommunar igjen.

DEL

I slutten av april besøker Kong Harald kommunane Skiptvet og Marker i Østfold.

Dermed kan kong Harald huke av ytterlegare to offisielle kommunebesøk i Norge. Han har nemleg som mål å besøke alle i sin tid som regent, skriv Nettavisen.

Kommunekongen

At kongen samlar på offisielle kommunebesøk, var det VG som kunne fortelje i 2017. Sidan han vart kronprins i 1957 har han besøkt over 350 kommunar.

– Dette er eit veldig langt land med mange forskjellige kulturar. Det er stor forskjell mellom landsdelane, sa han til avisa då.

Kong Harald la til:

– Både dronninga og eg synest det er hyggeleg å møte folk der de bur.

Det som gjer mest inntrykk på han er at han vert møtt av barn, unge og eldre som har førebudd seg godt for å vise kongen litt av sin kvardag, skreiv avisa då.

Han kunne ikkje svare på kor lang tid det ville ta før alle landets kommunar har hatt offisielt kongebesøk.

VG skreiv også at dersom kongen hadde talt med private besøk, ville lista vore mykje kortare.

Kan snart krysse av Østfold

Kongen kan krysse av for å ha besøkt alle kommunane i Akershus, Finnmark, Hedmark, Oppland, Oslo og Vestfold. Snart blir også Østfold komplett.

Det er assisterande kommunikasjonssjef på slottet, Sven Gjeruldsen, som held orden på kor mange kommunar som står att på kongen si liste. Sidan 2017 har han besøkt ytterlegare ni kommunar.

– Før besøket til Marker og Skiptvet så står det att 52 kommunar. Når kongen har besøkt desse to kommunane så står att to kommunar i Østfold, fortel han.

–I kva grad har kommunesamanslåinga påverka kongens mål om å besøke alle kommunar i Norge?

– Kongen har tidlegare uttalt at han ønsker å besøke flest mogleg av landets kommunar, nøyer Gjeruldsen seg med å seie.

Artikkeltags