18,5 millionar er summen Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) har løyvd til breibandsutbygging i Sogn og Fjordane.

Denne summen løyser samstundes ut fleire midlar frå fylkeskommunen og kommunane i fylket. Når breibandsleverandørane i neste ledd går inn med sin del, hamnar summen på totalt 60 millionar kroner.

Dermed kan ein vente at desse millionane vil bli gravd ned i jorda i form av breibandskablar og fiber i løpet av 2016 og 2017.

– Eit nytt løft

– No får vi eit nytt løft og vidarefører det arbeidet vi har starta opp. Det både gleder og inspirerer.  Det viser at koordineringsjobben til fylkeskommunen gjer ein skilnad, seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim i ei pressemelding.

Prosjektleiar for breibandsatsinga i fylkeskommunen, Olav Skarsbø, meiner samarbeidet mellom fylkeskommunen og kommunane fungerer svært godt.

– Dette er eit godt døme på nettopp det. I staden for at kommunane sender inn sine eigne søknader, samla vi ressursane og søkte saman. Dette er ein strategi vi har lykkast med dei to siste åra, seier Skarsbø, som ikkje trur fylket ville fått like mykje midlar utan at ein hadde søkt saman og hatt ein god slagplan.

Folket prioriterer

Kvar breibandet blir utbygt blir avgjort av kommunane ut ifrå prioriteringslister melde inn frå bygdelag og innbyggjarar.

Fylket har dei siste to åra fått over 58 millionar kroner frå Nkom, noko som gir ei breibandutbygging for omlag 175 millionar kroner samla.

Neste sted mot utbygging er å utarbeide anbodsdokument, noko som blir gjort av fylkeskommunen i samarbeid med dei enkelte kommunane.

Sjå korleis breibandspengane frå staten blir fordelt i 2015:

KommuneProsjektTilskotsbeløpHusstandar
BalestrandDragsvik - Lunde - Tjugum 650 00049
FjalerGrytøyra og Våge område 1 970 000153
FørdeHolsen 2 200 000144
GaularFauske-Skilbrei 2 550 000175
GloppenMyklebustdalen 370 00023
HornindalSvor, Kjøs og Maurset 1 140 00076
HøyangerUllebø – Langeneset 310 00020
JølsterStardalen, Klakegg, Førs, Håheim, Skrede 1 450 00092
LusterDale i Luster 1 400 00090
LærdalBorgund (Sjurhaugen – Maristova) 1 765 000110
NaustdalVevring 585 00037
SogndalØvstedalen 1 600 000101
SolundYtrøy og Lundøy 450 00031
StrynLoen - Lodalen - Rake - Oppheim - Marså 1 950 000158
VågsøyNave 170 000 11
Til saman 18 560 000 1 270