20 av 26 kommunar taper millionar på det nye inntekstsystemet

Artikkelen er over 3 år gammel

Totalt vil fylket gå 70 millionar i minus om regjeringa sitt framlegg vert realitet.

DEL

Ut frå dei strengaste kriteria i regjeringa sitt forslag til nytt inntektssystem har KS rekna ut kva konsekvensar det vil få for kommunane i Sogn og Fjordane.

For dei fleste kommunane er resultatet blodraudt. Av dei 26 kommunane er det seks kommunar som ligg an til å gå i pluss på nytt inntektssystem. Desse er Høyanger, Vik, Lærdal, Aurland, Solund og Hyllestad.

For resten av kommunane i fylket er tala raude. Verst er det for Nordfjord-kommunane Gloppen og Eid, som ligg an til å tape over sju millionar årleg på eit nytt inntektssystem.

Utforsk det interaktive kartet for innsikt i kvar enkelt kommune. Sjå også oversikt nedst i saka.

Mister 70 millionar kroner

Totalt sett ligg 70 millionar kroner an til å forsvinner frå Sogn og Fjordane, om dette inntektssystemet vert ein realitet.

Som atterhald må det seiast at nokre detaljar framleis ikkje er avklara. Dei store linene er likevel tydelege.

Firda kjem tilbake med grundigare dekning av denne saka.

Dette er tala i fylket:

Kommune Samla utslag Per innbyggar
Høyanger 2535000 607
Vik 1931000 721
Lærdal 1404000 653
Aurland 1333000 768
Solund 1177000 1489
Hyllestad 643000 458
Balestrand -153000 -120
Selje -601000 -216
Askvoll -730000 -237
Hornindal -1144000 -931
Bremanger -1812000 -469
Leikanger -2493000 -1106
Jølster -2533000 -837
Årdal -2685000 -493
Gulen -3025000 -1284
Gaular -3973000 -1344
Fjaler -4604000 -1632
Flora -5274000 -444
Sogndal -5429000 -708
Førde -5467000 -427
Luster -5543000 -1087
Stryn -5715000 -799
Naustdal -6441000 -2313
Vågsøy -6666000 -1096
Eid -7196000 -1201
Gloppen -7755000 -1348

Slik slår systemet ut i sentrale strøk:

Kommune Samla utslag Per innbyggar
Bergen 83454000 304
Oslo 402679000 621
Bærum 44264000 367

Artikkeltags