Skal stoppe reforma og redde Sogn og Fjordane

I REVERS: SV har vedtatt å stoppe regionreforma og fjerne tvangen frå kommunereforma. Landsmøtedelegasjonen frå venstre: Hege Lothe, Audun Lysbakken, Vigdis Reknes Heimdal, Eldrid Skudal, Gaute Losnegård, Vibeke Johnsen, Åsmund Berthelsen og Ann-Kristin Førde.

I REVERS: SV har vedtatt å stoppe regionreforma og fjerne tvangen frå kommunereforma. Landsmøtedelegasjonen frå venstre: Hege Lothe, Audun Lysbakken, Vigdis Reknes Heimdal, Eldrid Skudal, Gaute Losnegård, Vibeke Johnsen, Åsmund Berthelsen og Ann-Kristin Førde. (Foto: )

POLITIKK: SV sitt landsmøte har vedtatt å nullstille regionreforma. Og kommunar som er tvinga saman, dei skal få halde fram åleine.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

– Vi har alltid sagt at vi ønsker Sogn og Fjordane som eige fylke, og meiner fylket beviser at vi kan leverer god tenesteproduksjon med få innbyggarar, seier Vibeke Johnsen.

Ho er Sogn og Fjordane SV sin listetopp i det kommande valet, og har brukt helga på SV sitt landsmøte på Gardermoen. Der har dei mellom anna vedtatt å reversere mykje av det som har hendt dei siste fire åra.

Regionreforma skal nullstillast. Kommunereforma skal stoppast i dei tilfella det er snakk om tvang. Politireforma skal også reverserast.

Manglar folkerøysting

– Det er viktig å streke under at dette er regjeringa si regionreform. Både Agder- og Trøndelagsfylka starta tidlegare og er uavhengige. Der tyder mykje på at folk er for reforma.

– Sogn og Fjordane har vel også sagt ja til reforma, betyr ikkje det noko?

– Det er rett at fylkestinget har gjort vedtak, men vi opplever stor motstand mot å gje opp Sogn og Fjordane som eige fylke. Det har heller ikkje vore folkerøysting. Vi meiner for mykje er uavklart med tanke på valdistrikt og oppgåver, og vi er uroa for avstanden til makta. Eg trur vi tener på ein fylkesadministrasjon som står opp for fylket.

I vedtaket står det at SV først vil vurdere fylkesstorleiken etter at ein har vedtatt å flytte oppgåver frå det statlege nivået, og berre dersom til dømes overføring av styring av sjukehusa krev det.

Ingen konsekvens i Sunnfjord

I Sogn og Fjordane er dei fleste kommunesamanslåingane frivillige, men det er tvangssamanslåing i Sogn mellom Leikanger, Sogndal og Balestrand. Ifølge Johnsen blir det opp til kommunane sjølve å seie frå om dei framleis ikkje ønsker samanslåinga etter valet.

– Om ein av kommunane i indre Sunnfjord skulle kjenne seg slått saman med tvang, til dømes på grunn av Høgre sin politikk for dei som ville stå åleine, vil den også kunne søke seg fri?

– Vedtaket vårt gjeld dei som er føreslått slått saman med tvang. Det er ikkje tilfelle i indre Sunnfjord, men det er ei interessant problemstilling, seier Johnsen.

Artikkeltags