– Vi fekk ikkje nokon signal om kva departementet kjem til å lande på. Dei heldt korta tett til brystet, seier Førde-ordførar Olve Grotle.
Departementet inviterte til møtet for å få vite litt om samanslåingsprosessen generelt og gangen i namnesaka så langt, opplyser han.
Til stades på møtet var også ordførarane Mathias Råheim og Håkon Myrvang og varaordførar Jakob André Sandal som representant for Jølster.
Kommunestyra i Førde og Naustdal har etter innbyggarhøyringar som kjent gått inn for Førde som kommunenamn, mens kommunestyra i Jølster og Gaular landa på på Indre Sunnfjord.
I intensjonsavtalen mellom kommunane var Sunnfjord kommune sagt å skulle vere kommunenamnet. Det gjekk nabokommunane og Språkrådet imot.
Eit spørsmål kan vere om departementet dreg det fram att som eit kompromiss mellom «Førde» og «Indre Sunnfjord».