– Har høyrt mykje om vakre Fjærland

Kronprins Haakon fekk orientering om breens utvikling ved foten av Bøyabreen.

Kronprins Haakon fekk orientering om breens utvikling ved foten av Bøyabreen. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

– Det er utruleg kjekt å vere her 25 år etter at mor mi opna dette flotte bremuseet. Eg har høyrt mykje om museet og denne vakre plassen Fjærland. Det er ikkje mange bygder som sit på så mykje kunnskap og formidlar det på ein så god måte som dei maktar her, sa Kronprinsen overfor pressekorpset i brebygda.

Under breen

I dag er HKH Kronprins Haakon i Fjærland for å markere Norsk Bremuseum sitt 25-årsjubileum. Hans offisielle oppdrag i brebygda starta ved at Kronprinsen vart motteken på Brævasshytta ved Bøyabreen. Her tok trioen Gerd Bøyum (dagleg leiar ved Brævasshytta), Olav Orheim (styreleiar i Norsk Bremuseum) og Atle Nesje (professor, Norsk Bremuseum) mot Kronprinsen.

Saman gjekk dei fram til vatnet som ligg ved foten av Bøyabreen, like ved riksveg 5. Her fekk Kronprinsen orientering om Jostedalsbreen si utvikling og om breane i Norge generelt. Dessutan vart han orientert om 150 år med brehistorie ved Bøyabreen, spesielt knytt opp mot turisme og næring.

Grøn skule

Framme ved brevatnet vart Kronprinsen så introdusert overfor elevane Eirik Hovstad og Rakel Rose Øvretveit frå Firda vidaregåande skule på Sandane, som saman med rektor Hallgeir Hansen og lærar Martin Eikeset ved nordfjordskulen orienterte om skuleprosjektet sitt, «Grøn skule».

Dessutan vart kronprinsen introdusert overfor dekan Stein Joar Hegland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og fekk orientering om det nye studiet ved skulen «Master in Climate Change Management». Også Merete Lunde frå Vestlandsforsking fekk orientere Kronprinsen om arbeidet med klimatilpassing i fylket.

– Dette er ein plass eg gjerne vil komme tilbake til, då saman med heile familien. Både Mette Marit og barna er veldig opptekne av klima. Og ikkje minst ville Ingrid ha vore her for å lære meir om «Grøn skule», sa Kronprins Haakon til Firda føre omvisinga på Norsk Bremuseum.

Fagleg opplegg

Etter opphaldet ved Bøyabreen reiste følge ned til Bremuseet, kor Kronprinsen vart motteken av John Brekke (direktør Norsk Bremuseum), Siri Hatlen (nestleiar i styret for Norsk Bremuseum), Pål Kielland (fagleg ansvarleg Norsk Bremuseum) samt fylkesordførar Jenny Følling. Her skal Fjærland Kammerkor opptre, før følget med Kronprinsen vert vist rundt om i Bremuseet.

Seinare på dagen skal HKH Kronprins Haakon ta del i eit klimaseminar ved bremuseet. Her vil mellom andre professor Eystein Jansen, forskingssjef Cecilie Mauritzen, avdelingsdirektør Camilla Schreiner, stortingsrepresentant Nicolai Astrup, kommunikasjonsdirektør Christian Bjørnæs og direktør Tore Furevik ta for seg forskjellige sider ved klimaarbeidet i Norge.

Klokka 15.00 vil Kronprinsen ta avskjed og reise frå Fjærland. Han kom med fly til Haukåsen, og skal reise tilbake til Oslo frå Førde.

Artikkeltags