Miljødirektoratet vil ha forbod mot plastbestikk

VIL HA FORBOD: Miljødirektoratet vil ha forbod mot plastbestikk.

VIL HA FORBOD: Miljødirektoratet vil ha forbod mot plastbestikk. Foto:

Av

Miljødirektoratet tilrår eit nasjonalt forbod mot fleire eingongsprodukt i plast, blant anna sugerøyr, bestikk og tallerkenar.

DEL

Klima- og miljødepartementet tok imot forslaga frå direktoratet måndag.

– Dette er eit viktig steg i arbeidet med å bli kvitt unødvendig eingongsplast i Noreg. Havforsøpling er eitt av dei store miljøproblema i vår tid, og eingongsartiklar av plast er ei av kjeldene. Eg har difor bedt Miljødirektoratet greie ut eit framlegg til forbod mot unødvendig eingongsplast. Det er eg glad for at vi no har fått. No skal forslaget behandlast i departementet, seier klima – og miljøminister Ola Elvestuen i ei pressemelding.

– Slike eingongsprodukt kan relativt enkelt erstattast med andre eingongsprodukt i andre materialar, eller aller helst i ombruksprodukt. Utfasinga har allereie komme langt for enkelte av produkta, og vi forventar at fleire og rimelegare alternativ blir tilgjengelege på marknaden dei næraste år, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Artikkeltags