Nytt senter skal forske på klimatilpassing

TILPASSING: Halvor Dannevig, Torunn G. Hønsi og Carlo Aall skal forske på korleis vi tilpassar oss eit endra klima.

TILPASSING: Halvor Dannevig, Torunn G. Hønsi og Carlo Aall skal forske på korleis vi tilpassar oss eit endra klima. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FORSKING: Vestlandsforsking får 1,2 millionar i støtte frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei skal etablere eit senter for berekraftig klimatilpassing.

DEL

– Her er det mogleg for eit forskingsmiljø i Sogn og Fjordane å ta ein nasjonal posisjon, og det har vi ambisjonar om, seier Merete Lunde, direktør i Vestlandsforsking, i ei pressemelding.

Ho meiner etterspurnaden etter kompetanse på klimatilpassing aukar, og Vestlandsforsking viser til at dei allereie har mange prosjekt og samarbeid knytt til temaet. I Sogn og Fjordane er det allereie eit etablert samarbeid mellom kommunar, fylkeskommune, Fylkesmannen, NVE og andre statlege verksemder som har ansvar for å tilpasse sine samfunnsområde til klimaendringar.

Inviterer næringslivet med på laget

I tillegg til forskingspartnarar og offentlege etatar, inviterer Vestlandsforsking fleire frå næringslivet med på laget i det nye kunnskapssenteret

– Vi får heile tida meir kunnskap om konsekvensane av klimaendringar. Den kunnskapen vil vi bidra til at blir brukt, seier professor Carlo Aall.

Aall leiar arbeidet med å få til eit senter for berekraftig klimatilpassing, og har no fått på plass ein del av finansieringa. Pengane frå fylkeskommunen vil vere nok til å få etablert senteret, men dei vil vere avhengige av kontinuerleg finansiering av drifta. Vestlandsforsking skriv at dei er optimistiske til å få løyvingar over statsbudsjettet.

Vestlandsforsking håpar at senteret kan gjere det mogleg å konsentrere og rette forskinga mot å løyse utfordringar med tilpassing til klimaendringar både på kort og lang sikt.

Artikkeltags