Gå til sidens hovedinnhold

Hentar ut fire fjellklatrarar med helikopter

Artikkelen er over 2 år gammel

LUSTER: To fjellklatrarar måtte overnatte på toppen av Vetle Skagastølstind etter å ha gått seg skårfaste.

Klokka halv ni laurdag morgon var redningshelikopter frå Hovudredningssentralen Sør-Norge i gang med å hente ut to fjellklatrarar frå Vetle Skagastølstind i Luster.

Dei to gjekk seg skårfaste fredag kveld, og HRS Sør-Norge sende i løpet av natta ut alpine redningsgrupper frå Lom og Jostedal. Dei to fjellklatrarane vart førte opp til toppen, der det var planlagt å hente dei ut med redningshelikopter etter 0600 i dag tidleg. På grunn av mørke, tåke og behov for å kvile mannskap, valte ein å hente dei ut no på morgonen.

Klatrarane skal ha det bra, og har fått varme klede og mat av redningsgruppa som kom opp i natt.

– På grunn av høgda, over 2000 meter over havet, må helikopteret vere så lett som mogleg. Dei har derfor landa på Turtagrø og lagt frå seg ein del utstyr. Akkurat no er dei oppe og løftar personane ut, seier HRS Sør-Norge til Firda halv ni laurdag morgon.

Kommentarer til denne saken