Fryktar juletremangel etter tørkesommaren

AUKE SEINARE: Juletreprodusentane ventar ein stabil pris på juletrea i år, men reknar med at prisauke i åra som kjem, på grunn av mangel på tre i fleire land.

AUKE SEINARE: Juletreprodusentane ventar ein stabil pris på juletrea i år, men reknar med at prisauke i åra som kjem, på grunn av mangel på tre i fleire land. Foto:

Av
DEL

Halvparten av dei nyplanta juletrea tørka bort i sommar. Det får ikkje konsekvensar for juletreleveransane i år, men om få år kan det bli mangel på juletre.

I tillegg åtvarar produsentane om at mangelen kjem til å gi prisauke.

– Tørken får ikkje nokon konsekvens for salet i år, men ein må rekne med at 30 til 50 prosent av dei nyplanta trea er tørka bort, seier dagleg leiar i Norsk juletreservice Mikal Hetland til Nationen.

Norsk juletreservice er eit produsentlag som sel juletre til grossistar, kjeder og torghandlarar.

I tillegg til tørken er det planta færre juletre enn normalt både i Sverige, Tyskland og Danmark.

Artikkeltags