Jordskjelv utanfor Florø i natt

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Merka du at det rista?

DEL

Natt til tysdag merka fleire at det rista svakt, som om eit vogntog køyrde forbi husveggen. Men det var ikkje eit vogntog, det var eit aldri så lite jordskjelv, skriv Firdaposten.

– Det er forbausande at folk kjende jordskjelvet i det heile, det var berre på 2,2 på Richters skala.

Det seier jordskjelvsingeniør Dominik Lang ved stiftinga NORSAR på Kjeller tysdag morgon. Dei registrerte eit jordskjelv vest for Florø klokka 00.07,57 natt til tysdag. Skjelvet vart registrert på målestasjonen på Åknes i Møre og Romsdal.

– Vi har rekna djupna på skjelvet til kring 24 kilometer under bakken, det er ganske djupt, seier Lang. Han presiserer samstundes at dei no held på å rekne på data frå jordskjelvet, og at det difor kan hende dei må korrigere nøyaktigheita seinare.

Han legg til at jordskjelv av denne typen ikkje er uvanleg for Vestlandskysten, og at vi ikkje treng skjelve i buksene i frykt for større jordskjelv.

– Dette er tektoniske prosesser i Nordsjøen vest for fastlandet, det er heilt vanleg. Faktisk, når du ser på jordskjelvkartet over Norge, ser du fort at dette området er eit veldig vanleg område for små jordskjelv. Her i dette området, altså heile Vestlandskysten, er det svært sannsynleg å oppleve jordskjelv i Norge, seier han.

Artikkeltags