Jølster-ordføraren: – Hald dykk heime

Oddmund Klakegg oppfordrar folk til å halde seg inne natt til søndag. Her avbilda etter uveret som herja i Jølster i juli.

Oddmund Klakegg oppfordrar folk til å halde seg inne natt til søndag. Her avbilda etter uveret som herja i Jølster i juli. Foto:

– Folk må halde seg heime og ikkje køyre om det ikkje står om liv og helse.

DEL

Det er den klare oppfordringa frå Jølster-ordførar Oddmund Klakegg, like før midnatt natt til søndag.

– Eg oppmodar absolutt alle som ikkje har noko på vegane å gjere om å halde seg inne, seier han.

Han opplyser klokka 23.50 om at det i tillegg til flaum og skred ved Årsetelva på Vassenden, har komme vatn over den kommunale vegen på sørsida sør for Vassenden, ved Strand. Fleire stader er det også vatn over vegane og grus og stein i vegbana. Det er også grus og stein i vegen ved Flaten på E39, der det rasa tidlegare i sommar, opplyser Klakegg.

Ved midnatt var det framleis stengt ved Vassenden, Skei og Kjøsnes. Vegen var stengd på begge sider av Jølstravatnet og politiet oppfordra folk til å ikkje køyre mellom stengingane.

Sette beredskap klokka 23

NVE, brannvesen og politi var på plass på Vassenden og Jølster kommune sette beredskap rundt klokka 23.00. Det var også sett stab på kommunehuset på Skei. Klakegg stadfestar at dei no er meir føre var etter dei store skadane under uveret 31. juli.

– No må vi følge med gjennom natta. NVE seier vi får ein ny runde med regn no, før det vil lette litt midt på natta. Så kjem det ein ny trykk med nedbør i morgon tidleg, seier Klakegg.

– Korleis er stemninga på Jølster no?

– Eg har snakka med litt folk på Vassenden og folk er nok litt nervøse. Vi har sagt at folk må kjenne på om dei kjenner seg trygge med å vere i husa sine, men vi har hatt god kontakt med NVE og dei som er i faresona ar fått beskjed om det. Men om folk ikkje kjenner seg trygge på å gå å legge seg i husa sine og har nokon å reise til, kan dei det. Om ikkje vil vi bidra med alternativ, seier Klakegg.

Nokre har evakuert

Då Firda snakka med han like før midnatt var det nokre få som frivillig hadde valt å reise frå husa sine. Han sa samtidig at kommunen følte at dei hadde kontroll over situasjonen i Jølster.

– Vi har bra med mannskap på plass. Vi er berre nøydde til å følge med på kva som skjer. Det avgjerande er kor mykje regn som kjem utover natta, og når det kjem.


Artikkeltags