Sambygdingane organiserer søk på vatnet: – Det går inn på oss alle

OPPMØTE PÅ SKEI: Fredag kveld møtte seks båtar og 17 personar opp på Skei for å vere med i søket etter mannen som vart tatt av ras på sørsida av Jølstravatnet på tysdag. Bjørn Anders Steinsund (mann i refleksvest til venstre på bildet) leia søket.

OPPMØTE PÅ SKEI: Fredag kveld møtte seks båtar og 17 personar opp på Skei for å vere med i søket etter mannen som vart tatt av ras på sørsida av Jølstravatnet på tysdag. Bjørn Anders Steinsund (mann i refleksvest til venstre på bildet) leia søket.

Fredag kveld møtte sambydgningane opp på Skei for å vere med i søket etter mannen som vart tatt av ras på tysdag. Laurdag held dei fram.

DEL

– Den sakna er ein lokal mann som vil alle kjenner. Det går inn på oss alle. Vi har lyst å bidra med noko, både for familien sin del, vår eiga del og bygda sin del, seier Laila Tefre som bur på sørsida av Jølstravatnet.

Ho og Camilla Øvrebø informerte sambygdingane sine på Facebook om at det fredagskveld blei organisert søk i Jølstravatnet etter den sakna mannen som blei teken av raset på sørsida tysdag.

Dei som ville vere med i søket kunne møte, med eller utan båt, på T-en på Skei eller ved båthamna på Vassenden.

– Det er viktig for bygdefolket at ein får moglegheit til å bidra, seier Tefre.

Stort engasjement

Tefre trur at mange har hatt lyst å vere med på søket etter raset på tysdag, men har vore usikre på kven som har ansvaret for aksjonen eller kva ein kan bidra med. Sjølv var ho og mannen hennar ute med båt på vatnet dagen etter raset.

– Vi har snakka med Bjørn Anders Steinsund i brannvesenet, som er med å leie aksjonen, og han seier at det er berre for folk å sette i gang og bli med. Då hivde vi oss rundt for å få med folk, seier Tefre.

Fredag kveld møtte 17 personar og seks båtar opp på Skei. Steinsund leia søket. 

– I ein slik situasjon trur eg folk står på så lenge det er behov for det. Men ein må vite kva ein skal gjere. Bjørn Anders Steinsund kom i går og fortalde kva vi kunne gjere og korleis vi skulle gå fram, seier Tefre. 

Søket held fram

Steinsund seier dei starta igjen med søk laurdag morgon kl. 08.00.

– På Skei møtte 23 personar og åtte båtar opp i dag tidleg. Det er eit stort engasjement. No held søket fram i tre timar og deretter blir det pause. Vi startar opp igjen kl. 16.00.

Han seier at alle som vil kan vere med i søket.

– Det er fullt mogleg å langs stranda. Men då skal ein helst ikkje gå åleine.

Artikkeltags