Basestasjonen på Moskog er oppe, men 20 husstandar er framleis utan straum

Torsdag kveld er mobil og breiband tilbake, men det er framleis personar utan straum.

DEL

– Basestasjonen på Moskog er oppe. Det er litt ustabilitet ettersom det er skade på basestasjonen, opplyser Roald Orheim, informasjonssjef i Telenor.

Det er eit fiberbrot i Jølster som gjer at 500 er utan internett. I tillegg er det ein basestasjon som framleis er ute, som gjer at fleire er utan mobildekning.

Orheim opplyser torsdag klokka 15.00 at dei framleis held på med å skøyte fiber mellom Moskog og Vassenden.

Breiband og mobil tilbake

SISTE: Klokka 18.26 melder Orheim i Telenor at fiberskøytinga er fullført og at alle tenester på breiband og mobil no er inne att i Jølster.

Den siste basestasjonen som var ute, på Vassenden, er også i drift att. Telenor melder at nokon kundar kan oppleve litt ustabilitet i tenestene, men at dette vil vere forbigåande.

20 utan straum

– Nyleg fekk elleve husstandar tilbake straumen i Bjørkelia, så for augneblinken er det 21 husstandar utan straum, fortel Arne Tefre, leiar for forvaltning i Sunnfjord Energi.

Desse 20 er fordelt utover Movika, sørsida av Jølstravatnet, Tefre og Husetuft.

– Talet husstandar utan straum minkar. No arbeider vi med å få tilbake straumen i Movika. Der er det ti husstandar som er råka, seier Tefre.

Utfordringar på sørsida

Tefre opplyser at dei ikkje er sikre på når dei ulike stadene får tilbake straumen, men at dei jobbar med det.

– Vi håper at straumen i Movika kjem tilbake i løpet av dagen torsdag eller på kvelden. Noko usikkert er det på Tefre, men vi prøver i løpet av dagen. Det ser ut som det meste skal kome tilbake torsdag, seier han.

Det er framleis utfordringar med å kome inn i området på sørsida av Jølstravatnet.

– Vi har jobba der det var trygt i natt. Området på sørsida blir nok liggjande ute litt, fram til det blir klarert, seier Tefre.

Artikkeltags