PostNord sperra av etter lekkasje av etsande stoff

SPERRA AV: Ingen vart skadde i uhellet ved Postnord sin godsterminal på Skei. Området er no sperra av medan brannvesenet fjernar den etsande væska.

SPERRA AV: Ingen vart skadde i uhellet ved Postnord sin godsterminal på Skei. Området er no sperra av medan brannvesenet fjernar den etsande væska. Foto:

Alle naudetatane har vore på staden. Situasjonen skal vere under kontroll, men det er oppretta ei sikringssone rundt lekkasjen.

DEL

I natt gjekk det hol på ein konteinar i forbindelse med lossing på PostNord sin godsterminal på Skei.

Ifølge politiet var det ein truck som kom borti og sette hol på konteinaren, som inneheldt etsande væske.

– Det var ein tank på tusen liter, så det lak ein god del både inne og ute. Det er oppretta ei sikringssone på femti meter, seier Terje Magnussen ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Alle naudetatane har vore på staden og gjort undersøkingar. Dei to tilsette som var på arbeid er undersøkt av helse, og er ifølge politiet ikkje skadde. Stoffet var heller ikkje så farleg som ein frykta.

– Vi vart varsla kvart på to i natt, og rykte ut tolv mann, seier varabrannsjef Arve Dvergsdal.

I starten visste ikkje naudetatane kva som hadde leke ut.

– Vi frykta at stoffet også skulle vere farleg å puste inn, men det skal det ikkje vere, seier Magnussen.

Ifølge Kolbjørn Øvrebotten, operatør ved Alarmsentralen i Florø, heiter stoffet Triplex Plus-M. Dette er ein såkalla vaskeforsterkar.

– Konteinaren skulle til Nortekstil her i Florø. Dei brukar det i forbindelse med reinsing, seier Øvrebotten.

Ein bil med sugeutstyr er send til Skei frå Florø, og lokalt brannvesen er no i gang med å suge opp og fjerne væska frå PostNord sine lokale.

Artikkeltags