Forbipasserande filma dei skadde etter trafikkulykka på Vassenden

Fem personar vart skadde i ei trafikkulykke på E39 på Vassenden søndag føremiddag.

Fem personar vart skadde i ei trafikkulykke på E39 på Vassenden søndag føremiddag. Foto:

Born og vaksne filma dei skadde etter trafikkulykka på Vassenden, trass i at naudetatane har bede folk om å legge vekk mobilen i slike situasjonar.

DEL

Søndag registrerte brannmenn som rykte ut til trafikkulykka på E39 ved Hjembrekkefeltet at fleire forbipasserande både tok bilde og filma ulykkesstaden og dei fem skadde personane, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Innsatsleiar for brann, Dag Inge Gjestad reagerer på at skadde som hadde behov for akutt helsehjelp vart filma på veldig nært hald og ber folk vise meir omsyn.

Dette er ikkje første gong naudetatane har oppmoda skodelystne om å legge vekk mobilkameraet.

– Eg tykkjer veldig lite om at personar blir filma når dei opplever sin verste dag, seier Jan Rune Storøy i Jølster brannvern til NRK.

Sjokkerande inntrykk

NRK har snakka med Atle Dyregrov, professor ved Klinikk for krisepsykologi i Bergen. Han åtvarar mot å la barn verte utsette for dei sterke inntrykka på ein ulykkesstad.

– Smerteskrik, sterke syn og inntrykk er sjokkerande, og kan bli verande i minnet. Det kan kome attende og gi plager i etterkant, seier han til NRK.

Det klare rådet frå både naudetatar og psykologspesialisten er dermed: Hald borna vekke, og legg vekk mobiltelefonen.

Artikkeltags