Ung sjåfør fekk for mange prikkar- blei fråteken førarkortet

Sjåførar i fleng må punge ut for mobilbruk og for høg fart.

DEL

Torsdag stod Up langs E39 ved Klakegg i Jølster i 80- sona. Her fekk tre sjåførar forenkla førelegg for mobilbruk, ti andre sjåførar måtte punge ut fordi dei køyrde for raskt.

Høgste målte fart var 99 km/t. Ein mann i 20- åra blei politimeldt og fekk kverrsett førarkortet sitt fordi han fekk for mange prikkar.

Up stoppa fleire sjåførar i ein laserkontroll på rv. 15 ved Haugen onsdag. Her fekk fire sjåførar forenkla førelegg for å bruke mobil, medan tre andre blei nokre kroner fattigare fordi dei køyrde for fort. Høgste målte fart var 92 km/t i 80- sona.

Ein lastebil fekk mangellapp på grunn av lys, melder Up.

Artikkeltags