Trafikkuhell på E39 – Bil hamna i grøfta

TRAFIKKUHELL: Ein bil hamna i grøfta ved Bjørset i Jølster

TRAFIKKUHELL: Ein bil hamna i grøfta ved Bjørset i Jølster Foto:

Ein bil hamna i grøfta ved Bjørset i Jølster.

DEL

Rundt kl. 07.30 ska ein bil ha hamna i grøfta ved Bjørset i Jølster langs E39.

– Brannsjefen kom tilfeldigvis over uhellet. Det er ikkje noko personskade og ikkje skade på eigedommen. Derfor rykte ikkje politiet ut, seier Knut Dahl-Mikkelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Bilbergar er bestilt og bilen skal ikkje vere til hinder for trafikken.

Brannsjef, Tor Arild Segtnan, fortel at han var bil nummer to på staden.

– Bilen har køyrt utfor vegen. Den trefte ein steinmur og velta over på sida. Det er ikkje første gong dette har skjedd på akkurat same stad. Steinmuren startar meir eller mindre på null og bygger seg opp. Blien har «klatra» oppover på steinmuren og til slutt velta, seier Segtnan.

Han fortel at føraren var ein ung mann.

Kl. 09.45 melder Vegtrafikksentralen vest på Twitter at vegen blir stengt i ca. 30 minutt på grunn av bilberging.

Kl. 10.30 melder Vegvesenet at E39 Bjørset er no er open for trafikk att.

Artikkeltags