To bilar har kollidert front mot front på E39 ved Svidalsneset

KRASJ PÅ E39: Den svarte bilen til venstre stod parkert, og har ikkje vore involvert i ulykka. Dei to andre bilane stod framleis i vegkanten ein times tid etter at ulykka skjedde. Personane som var i bilane er sende til sjukehus for sjekk.

KRASJ PÅ E39: Den svarte bilen til venstre stod parkert, og har ikkje vore involvert i ulykka. Dei to andre bilane stod framleis i vegkanten ein times tid etter at ulykka skjedde. Personane som var i bilane er sende til sjukehus for sjekk. Foto:

DEL

Politiet melder at det har vore ei trafikkulykke på E39 i Jølster. Det er to køyretøy involverte.

Alle naudetatar er på veg til staden.

– Vi har ikkje komme fram til ulykkesstaden enno, men ein brannmann på plassen melder at det er ei ulykke front mot front. Det er totalt tre personar involvert i ulykka, og skadeomfanget er så langt ukjent, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.

Trafikken blir klokka 16.05 dirigert forbi ulykkesstaden.

Statens vegvesen melder at eitt køyrefelt er stengt, og at det er redusert framkomst på staden.

Firda sin journalist på staden seier at det ser ut som ulykka har skjedd i det den eine bilen skulle svinge inn på området ved Svidalsneset.

Politiet på staden har så langt ikkje informasjon om kva som har skjedd, eller korleis det går med dei involverte i ulykka, men ifølge augevitne på staden var alle oppegåande etter ulykka. Dei involverte er sende med ambulanse til Førde sentralsjukehus.

Artikkeltags