Mann i 40-åra tatt for køyring i rusa tilstand

TRAFIKK: Mannen blei stoppa på Vassenden og hadde heller ikkje gyldig førarkort.

DEL

Det melder Vest politidistrikt torsdag kveld.

Det var klokka 16.27 torsdag at mannen blei stoppa på Vassenden i Jølster kommune.

Det blei tatt blodprøve av mannen og han blei politimeld for køyring i rusa tilstand og køyring utan gyldig førarkort. Det blei også funne narkotika på mannen, opplyser politiet.

Mannen er avhøyrd og lauslaten.

Artikkeltags