Kranbil og vogntog har krasja på E 39

Hengar trefte kranbil: Hengaren på traileren har treft kranbilen. Ein person er skadd.

Hengar trefte kranbil: Hengaren på traileren har treft kranbilen. Ein person er skadd. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Politiet melder om ei trafikkulykke ved Håheim i Jølster.

DEL

Klokka 21.45 tysdag melde Statens vegvesen at vegen var opna i eitt felt. Onsdag morgon vert trafikken regulert med lysregulering. Bergingsarbeidet er venta å starte opp att når det blir lyst, opplyser trafikkoperatør Ove Amundsen.

– Det er ein kranbil og ein trailer som har krasja. Etter dei opplysningane vi har fått skal ein hengaren på traileren ha treft kranbilen, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.

Føraren av kranbilen sat ei stund fastklemt i bilen.

– Vi har no fått melding om at brannvesenet er komme fram og har fått mannen fri frå bilen. Føraren har heile tida vore bevisst. Det skal ha vore ein fot som sat fast, seier Geitle.

Høyrde det small

Eli Håheim bur i området der ulykka skjedde. Ho seier ulykka skjedde berre hundre meter frå der det sist var ei ulykke, like før jul.

– Eg høyrde det small og gjekk for å sjå. Då såg eg store bilar som blinka. Det er uhyggeleg når slikt skjer. Du veit aldri kva som møter deg når du kjem fram, seier Håheim.

– Eg forstår det slik at det ikkje er livstrugande skader denne gongen. Men det er skremmande. Og dette er faktisk skulevegen til ungane mine, seier Håheim.

Håheim seier også at det er begynt å danne seg svært lange køar i området.

– Det er køar begge vegar, men det ser ut som det er lengt kø for dei som er på veg nordover, seier ho.

Ein til sjukehus

Helse Førde AMK melder at det var to personar innblanda i ulykka. Den eine blir frakta til sjukehus i Førde.

Den andre er dimittert på staden.

Vegen blir stengt ei stund

– Vi fekk melding via AMK klokka åtte minutt over sju. Hendinga var trippelvarsla, og alle naudetatar rykte ut, seier Geitle.

Han seier det er bestilt bergingsbilar frå Førde, men at det vil ta ei stund før dei er framme og kan få rydda vegen. Håheim ligg mellom Skei og Våtedalen.

Statens vegvesen melder også at vegen mellom Skei og Sandane er stengt på grunn av eit trafikkuhell.

Artikkeltags