Bil med tre personar køyrde av vegen i Jølster

Politiet melder om ein del skadar på bilen, men ingen personskade.

DEL

Vest politidistrikt melde laurdag morgon klokka 07.09 at ein bil har køyrd av vegen på E39 ved Langhammaren i Våtedalen.

Det vart først meldt at det var fire personar i bilen, men det viste seg at det var tre. Alle tre er utanlandske borgarar.

Politiet opplyser at det ikkje har skjedd nokon personskade, men at det er ein del skader på køyretøy.

Bilen er henta av bilbergar.

Hendingsgangen er framleis ukjent.

Artikkeltags