Eit lite jordras har gått over E39 i Jølster

Det har vore mykje vatn på vegane i natt. I Jølster gjekk det også eit lite jordras seint måndag kveld.

DEL

– Dette er eit område der ein kvepp litt til når ein får slike meldingar, seier Ronny Sleire, trafikkoperatør i Statens vegvesen.

Seint måndag kveld kom det meldingar om mykje overvatn på E39 mellom Ålhus og Vassenden. Ikkje lenge etterpå kom det melding om eit lite jordras vest for Svidalsneset.

– Då hadde raset komme ned på vegskuldra, men litt seinare kom det ut i eine køyrefeltet og dekka vel ein fjerdedel. Det var ikkje så stort. Entreprenøren var der og rydda både raset og grøfta på tjue minutt, seier Sleire.

Mykje overvatn

Sjølv om raset vart raskt rydda, vart entreprenøren på staden fram til klokka 02.11. Tida brukte dei først på å reinske og rydde ein del stikkrenner, slukar og kummar. Likevel kom det så mykje vatn at kummane ikkje tok unna. Det vart derfor sett opp skilt om mykje overvatn.

Politiet sende også to patruljar som var i området for å sjå.

– Med slikt er det ikkje anna å gjere enn å vente til regnet gir seg og vasstanden går tilbake.

Ifølge Sleire trekte vatnet seg tilbake på E39 langs Jølstravatnet, men utover natta har det blitt verre i indre Sogn. Der er det no mykje vatn på vegane innover til Øvre Årdal og Årdalstangen. Også der har det vore folk ute i natt for følge med og reinske stikkrenner.

– Men nedbøren skal ha begynt å minke, seier Sleire.

Krevjande føre på fjellet

Når det gjeld fjellovergangane er Strynefjellet stengt. Der blir det ny vurdering klokka 10. Over Hardangervidda er det kolonne, men elles er fjellovergangane opne.

– Det er ein del ruskevêr og vind. No har vore kraftig temperaturstigning, det er berre få minusgrader eller rundt null. saman med kraftig vind kan det bli krevjande føreforhold, seier Sleire.

Artikkeltags