Sunnfjord Energi går for utbygging av Jølstra Kraftverk

Det blir utbygging av Jølstra Kraftverk, vedtok styret i Sunnfjord Energi tysdag.

Det blir utbygging av Jølstra Kraftverk, vedtok styret i Sunnfjord Energi tysdag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

JØLSTER: Tysdag vedtok styret i Sunnfjord Energi utbygging av Jølstra Kraftverk, melder selskapet i ei pressemelding.

DEL

Utbyggingskostnaden er 704,5 millionar kroner og kraftverket kjem til å produsere 233 gigawattimer i året. Utbygginga skal skje frå Tongahølen, ved Langhogane i Jølster kommune, til Reinene i Førde kommune.

Eigarane har blitt presentert for prosjektet og er positive, skriv selskapet i pressemeldinga.

Selskapet fekk sommaren 2017 konsesjon frå Olje og energidepartementet om utbygginga av vassdraget.

– Styret har vurdert det slik at vasskrafta vil ha ein plass i framtida. Det gjer at det er verdt å satse sjølv om rammevilkåra er blitt vanskelegare etter at regjeringa auka grunnrenteskatten i neste års statsbudsjett, seier administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens, til Firda.

Enno er det for tidleg å vere konkret på når utbygginga kan vere i gang, for det er framleis ein del å gjere med å jobbe fram partnar og finansiering. Men Behrens er oppteken av å komme i gang så raskt som mogleg for å komme i mål til fristen for å få grøne sertifikat. Fristen går ut i 2021.

Artikkeltags