Jølster IL starta med vektløfting i år. I helga vann Oda Helene NM-gull

Oda Helene Sunde Svendsen tok NM-gull i første forsøk. Her i støt.

Oda Helene Sunde Svendsen tok NM-gull i første forsøk. Her i støt. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Jølster: Vektløftargruppa i Jølster IL er ny av året. I helga fekk dei sitt første NM-gull då NM-debutant Oda Helene Sunde Svendsen vann klasse 63 kg under U-NM på Gjøvik.

DEL

Oda Helene Sunde Svendsen er NM-debutant, men vann likevel gull i U-NM på Fjøvik. Ho løftar i klasse 63 kilo.

Det var ikkje berre Svendsen som kom tilbake med medalje til fylket. Fylket fekk sølv og gull ved Breimsdbygda-døftarane Vilde Sårheim og Leiv Arne Støyva Sprheim.

Alle desse er 16 år (fødde i 2000).

13 – 17 år

NM i vektløfting er for aldersgruppa 13 – 17 år.

Oda Helene S. Svendsen imponerte alle med å ta gullet i sitt første NM.

Men det var imponerande det dei andre frå fylket gjorde også.

Vilde Sårheim frå Breimsbygda tok sølv i klasse 69 kilo.

Sogn og Fjordane vektløftarkrins skriv i ei pressemelding: « Jentene la grunnlaget for medaljane i rykk. Vilde starta på 40 og slo deretter persen på 42 kg to gonger; først med 43 og så 45 kg i siste rykket. Oda byrja på 42 i rykk, bomma på tangeringa av pers 44 kg i andre, men tok vekta i siste forsøket. I støt trygga begge plasseringane i første støtet, med 52 kg på Vilde og 60 på Oda. Deretter vart det bom på forsøk på personlege rekordar. Men i eit NM er plassering viktigast, og der gjorde jentene verkeleg jobben sin med gull og sølv! »

Leif Arne Støyva Sårheim frå Breimsbygda vann også NM-gull. Han er i klasse + 94 kilo.

Leiv Arne Støyva Sårheim tok gull i sin klasse.

Leiv Arne Støyva Sårheim tok gull i sin klasse. Foto:

– Han starta med 95 kg i rykk, deretter bom på persforsøk på 101. Det kjendest likevel så lett at han auka til 102 i siste. Det vart så nær så nær ..., skriv vektlørgarkrinsen i si pressemelding.

Nye sjansar om to veker
Vilde Sårheim frå Breimsbygda tok sølv.

Vilde Sårheim frå Breimsbygda tok sølv. Foto:

Vilde og Leiv Arne har sjansar både på medaljar og personlege rekordar også på Vigrestad om to veker. Då er det Lag-NM som årets siste NM i vektløfting.

Der Breimsbygda har kvalifisert seg med både jente og gutelag både i ungdoms- og juniorklassa.

– I tillegg skal Tambarskjelvar forsvare sigrane i eliteklassene både for kvinner og menn frå i fjor, skriv krinsen, og legg til:

– Førre helg var Robert Andre Moldestad frå Breimsbygda og Hans Sande frå Brodd norske deltakarar under Nordisk meisterskap for ungdom og junior på Island. Og kom heim med sølv og bronsemedaljar. Sogn og Fjordane Vektløftarkrins er svært glade for at vi i tillegg til flaggskipet Tambarskjelvar i seniorklassene no har fleire lag som hevdar seg nasjonalt i ungdoms- og juniorklassene. Med den nyskipa vektløftargruppa i Jølster og gullet til Oda Helene S. Svendsen i går som ferskaste dømet.

Artikkeltags