I to år har skulen brukt fysisk aktiviet i undervisninga – no blir dei lønna

AKTIVE: I to år har Vassenden skule vore ein del av ASK-prosjektet. Fredag var det felles dans på skuleplassen.

AKTIVE: I to år har Vassenden skule vore ein del av ASK-prosjektet. Fredag var det felles dans på skuleplassen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

JØLSTER: Fredag fekk Vassenden skule pengegåve og utviklingspris for satsinga.

DEL

– Vi har lært meir fordi vi har hatt det kjekt når vi har lært det, seier Kristoffer Hjelmbrekke (13).

I 2014–2015 var 5.-klassingane på Vassenden skule med på Høgskulen på Vestlandet sitt forskingsprosjekt, Active Smarter Kids (ASK). Elevane gjekk med aktivitetsmålar kvar dag og brukte fysisk aktivitet i undervisninga.

Les også: Spring seg spreke og smarte

– Heile klassen fekk eit utruleg konkurranseinstinkt og vi konkurrerte, seier Marisa Eikås (13).

I byrjinga var det rart å gå rundt med aktivitetsmålarane synest Hjelmbrekke, men det vart fort gløymt.

GLADE ELEVAR: – Vi har lært meir fordi vi har hatt det kjekt når vi har lært det, seier Kristoffer Hjelmbrekke (13). Her med Marisa Eikås.

GLADE ELEVAR: – Vi har lært meir fordi vi har hatt det kjekt når vi har lært det, seier Kristoffer Hjelmbrekke (13). Her med Marisa Eikås. Foto:

– Vi blir i betre form medan vi lærer, og det er bra, seier han.

Fekk 25.000 kroner

Kva for opplegg elevane har varierer frå dag til dag, men totalt sett skal elevane ha 165 minutt med aktivitet i veka.

– Torsdag til dømes vart vi delt inn i to ulike grupper. I dei fire hjørna i klasserommet var det oppgåver vi måtte løyse for å kome oss vidare, fortel Hjelmbrekke.

Og alt arbeidet skulen har lagt ned i prosjektet, har blitt lagt merke til både nasjonalt og internasjonalt.

Fredag var Øystein Lerum i ASK-prosjektet på Vassenden skule for å dele ut Uviklingsprisen 2017.

ASK-prosjektet

  • står for Active Smarter Kids.
  • er eit utviklings- og forskingsprosjekt som skal undersøke om auka fysisk aktivitet i samspel med dei tradisjonelle faga påverkar skuleprestasjon, trivsel og helse.
  • er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, dei fire skuleregionane og kommunane i fylket.
FELLESSKAP: – Fysisk aktivlæring gjer at læraren møter eleven på ein ny måte, seier rektor Anne Cecilie Kapstad.

FELLESSKAP: – Fysisk aktivlæring gjer at læraren møter eleven på ein ny måte, seier rektor Anne Cecilie Kapstad. Foto:

«Vassenden skulen har utvikla ASK-metoden utover tradisjonelle fag, blant anna i praktiske fag som mat og helse og musikk. Vassenden skule er på fleire område ein føregangsskule med sitt systematiske utviklingsarbeid innan fysisk aktivitet. Med både nasjonal og internasjonal merksemd, representerer Vassenden skule regionen på ein framifrå måte. Dei er eit levande bevis på at kognitivt skaparverk skjer i verdas vakraste råme», står det mellom anna i grunngjevinga for prisen.

– Vi gratulerer skulen med utviklingsprisen 2017 og ei gåve på 25.000 kroner, som er øyremerka til utviklingsarbeid innan fysisk aktivitet, seier Lerum til stor applaus frå elevar og lærarar.

– Skapar tettare samarbeid

– Kjempemoro! jublar rektor Anne Cecilie Kapstad.

– Det kom litt brått på, vi hadde ikkje venta dette, men vi skal bruke pengane godt og kjøpe utstyr som elevane kan ha glede av. Lærarane er så engasjerte – så planane kjem nok fort, legg ho til.

Ho meiner ASK-metoden er ein fin måte å lære på, og fortel at det har skapt eit tettare samarbeid mellom elevar og lærarar.

– Nokre gonger må lærarane kjempe for å nå fram med teorien, men fysisk aktiv læring gjer at læraren møter eleven på ein ny måte. At heile skulen er med på prosjektet også skapar eit fellesskap – alle jobbar mot eit felles mål, seier Kapstad.

Artikkeltags